Årets påske går mot slutten

Påsken er slutt

Og alle skal heim – gjerne samtidig.
Lange køar og mykje kjefting og syting på dei vanlige sambanda. Både Arsvågen-Mortavika og Bruravik-Brimnes melder om lange køar, og som vanlig gjeld dette også på Løfallstrand-Gjermundshamn. Godt det går mot mai og ei ekstra ferje:)

Mykje bil

Påskeslutt 2009 — Frå Husnes

Mykje bil

Mykje bil

Påskeslutt 2009 — Frå Odda…

Ei ferje på Skjersholmane-Ranavik i dag

Ferje 2 er på vei til Austevoll for å overta Hufthamar-Krokeide, etter at ferja der fekk problem tidligare i dag. Så dermed er det kun ei ferje mellom Stord og Kvinnherad resten av dagen.

Skipsdåp på Løfallstrand

Troms Castor

I dag var det dåp ved Hellesøy Verft. då Troms Castor fekk navnet sitt. Flaska måtte gi tapt etter 2 forsøk:)

Dåp — På andre forsøket sprakk flaska i skutesida

SMS-varsling frå Tide ved driftsavbrudd

No er det mulig å bestilla SMS-varsling ved driftsavbrudd i ferje- og hurtigbåtrutene til Tide.
Slikt burde jo passa bra for dei som slit med å få med seg om ferja går eller ikkje.
Meir info om tjenesten her:

Bestill SMS-varsling ved driftsavvik

Tidlig kveld på Ranavik-Skjersholmane

Hordaland fekk problem i kveld

Det blei tidlig stopp i sambandet Ranavik-Skjersholmane lørdag kveld. Hordaland fekk problem rundt kl 19.30, og har ikkje flytta på seg sidan då.

Siem Pilot i fjøresteinane

Et lite filmklipp som viser skroget som egentlig skulle vore på plass i Uskedalen i desse dagar. Som klippet viser så kom dei ikkje heilt så langt i dette forsøket…

Mange reisande frå Rosendal i dag

Rygerfonn og Lyna

Rygerfonn måtte ha hjelp av Lyna for å få med seg alle reisande frå Rosendal i ettermiddag.

Rygerfonn

Stor trafikk Løfallstrand-Gjermundshamn

Ferja går, heilt full,

Husnes Cup på Husnes og tilbake til normalen med 2 ferjer; det gjekk som det måtte gå. Køar både utover og innover riksveien. Men det var billettør på kaien, og etter at eine ferja var fylt opp, brukte dei tid på å få alle bilane ned på kaien, så det såg ut til å gå rimelig greit. Neste ferje var heller ikkje langt vekke. Men litt venting må ein vel rekna med i dag ja.

Ferjesafari

Då nærmar det seg årets ferietur for min del. Eg har tenkt på det fleire år, og no ser det ut som om eg skal gjennomføra det. Ein tur på vestlandet uten særlig anna mål og meining enn å sjå å ta bilder av ferjer. Eg må nødvendigvis reisa med nåken av dei også, sjøl om det ikkje akkurat er det kjekkaste eg gjer. Men men. Ruta blir Løfallstrand-Kristiansund-Løfallstrand, og eg har klart å lura inn så mange ferjesamband som praktisk mulig. Eg giddar ikkje å kjøra lange omveiar for å komma til ei ferje så det blir det eg møter ein vei opp og ein annan vei ned igjen. Så etter planen startar eg med Utne-Kvandal og avsluttar med Skjersholmane-Ranavik. Må bare kjøpa meg et minnekort og 3 no, så får vi sjå kor tid eg tar ut:)

Troms Castor tilbake hos Hellesøy Verft

Troms Castor

I dag kom Troms Castor tilbake til Hellesøy Verft etter eit dokkhopld i Høylandsbygd. Den blei “slept” av H. Østervold

hardangerfjorden.org

Følges av 12 medlemmer.
Origo hardangerfjorden.org er en sone på Origo. Les mer
Annonse